En del av Latin Reiser
En magisk reise

Klima

  Klimaet i Mexico er i stor grad mykje rolegare og mindre varieret enn  i nabolanda i nord. Tropiske orkanar er  derimot ein trugsel på både austkysten mot Mexicogolfen og Karibia, og på den  sørlege Stillehavskysten. Ein kan få  kraftige flaumar i dei høgareliggande områda når gamle orkanar går innover land,  eller i samband med vedvarande pålandsvind mot dei sørlege fjellsidene av Chiapafjella, særleg i avskoga områda. Bortsett frå  dette er klimaet i Mexico stort sett harmlaust.

Innhold

1. Platået og  fjellområda

2. Aust og sør 3. Vest   Platået og  fjellområda

Sierra Madrefjella

Hovudkjelda til klimaet i Mexico er det høgareliggande området som dekkjer halvparten av landet og dei store havmassane på kvar side. Platået dekkjer dei sentra områda av landet, og går frå om lag 1500 m over havet frå Rio Grandedalen i nord til om lag 2200 m i sør. Høgda gjer at temperaturane er lågare enn kva ein kunne forvente så nær ekvator. Mexico City kjem sjeldan over 30 ºC, og nettene er forholdsvis kjølige året gjennom. Det nordlege området av platået er utsett for tørke, og er litt varmare om sommaren, men vanlegvis ganske kald om vinteren. Frost er ikkje uvanleg og stundom kan ein få lett snøfall. Om våren vert derimot platået raskt varma opp, og den varmaste tida på året er mai og juni før monsunen, som varerer nokre veker, set inn. Denne perioden har kjøligare ettermiddagar, men er meir skya og fuktig enn resten av sommaren. Torevêr oppstår nesten dagleg og gjev litt regn om ettermiddagen og om natta.

Frå dei sentrale områda og sørover og austover i landet får ein ofte ein  tørrare periode nokre veker midt på sommaren, ein periode kalla canicula  eller veranillo, der ettermiddagsbygene gjer seg medan regnet om natta  framleis held fram. Nedbørsmengdene vert mykje mindre i oktober, og vinteren er  faktisk meir solrik enn sommaren på platået. Januar er mild på dagtid med  kjølige, men sjeldan iskalde, netter.

Platået ligg mellom dei austlege og vestlege Sierra Madrefjella og dei vulkanske delane av  fjellrekkja sør for Mexico City. Områda over 3000 mm over havet kan få litt snø,  men i det store og heile er vinterdagane solrike. Snøen ligg gjerne på dei øvste  toppane året rundt. Ein har sjeldan kraftig vind bortsett frå i torevêr.  Forholda på sørsida av dei tverrgåande fjella i sør er mykje mildare og  fuktigare enn nordsida. Cuernavaca er berre ein kort  tur over Sierrafjella frå Mexico City og kjend som «byen med evig vår».

opp

Aust og sør

Låglandet rundt Mexicogolfen og Karibia, inkludert  Yucatanhalvøya, er varmare og  fuktigare enn platået om sommaren. Regnbygene kjem ikkje like ofte, men er like  kraftige som på platået. På nordaustkysten har vinteren enkelte kalde dagar, og  netter med temperaturar ned mot 0 ºC. Når den nordlege vinden, kallar  nortes, kjem over havet til Yucatan eller kystområda av Campechebukta fører han som regel berre til skya vêr, vind, litt yr og litt kjøligare luft. I dei  høgareliggande områda kan det derimot bli ein del regn i slike tilfelle. Som på  platået er tida før regnet kjem om sommaren den varmaste tida på året. Orkanar  er ein trugsel frå juni til november, der dei fleste orkanane vanlegvis slår til  den siste halvdelen av denne perioden. Ein kan òg få orkanar på Stillehavskysten  sør for Sierra Madre del Sur frå midten av mai til november. Dei fleste orkanane  går parallelt med kysten frå Puerto Angel til Manzanillo, men stundom kan dei gå rett inn mot kysten.  Orkanan Pauline gjorde nettopp det i oktober 1997 i Acapulcoområdet og over 200  menneske mista livet. Når ein orkan nærmar seg kan ein få frålandsvind i staden  for den vanlege sjøbrisen, og ein kan få  svært høge temperaturar i dei elles svale kystområda. Det kjem sjeldan regn på  den sørlege kysten før juni eller etter september. Dei indre områda frå Balsasdalen til Oaxaca kan få høge temperaturar sjølv på  vinterstid.

opp

Vest

Cabo San Lucas på Baja  California.

Halvøya Baja California skapar  skarpe vêrskille i vestlege delar av landet. Den grunne Californiabukta kan bli svært varm om sommaren, med ein  havoverflatetemperatur  opp mot 32 ºC. Den kalde havstraumen i Stillehavet gjer at vatnet  utafor kysten av Baja  sjeldan kjem over 20 ºC. Sklinadane mellom badetemperaturane på kvar side av  halvøya er altså svært store. Begge områda er forholdsvis kjølige og tørre om  vinteren, og om sommaren har bukta det svært varmt og ganske fuktig, medan  Stillehavskysten har behaglege temperaturar. Midt på sommaren er det mest regn  på austsida av bukta, frå Mazatlan til Hermosillo, medan den vestlege sida får det meste av  dei små regnmengdene på vinteren. Enkelte år kan ein orkan kome inn i  Californiabukta, men dei gjer sjeldan stor skade bortsett frå på fiskeflåten.  Det kjølige vatnet utafor Baja gjer at dette området så godt som aldri vert råka  av orkanar.

Besøk Latin Reiser sine hjemmesider for gruppereiser og skreddersydde reiser til hele Latin-Amerika!Besøk latinreiser.no her
+